J13 Trio2-Rosendal/Uskedal 0-4

Med Valeparken kunstgras som arena i kveld visste vi det ville bli mykje duellspel og kriging på ein noko liten 9er bane. Triojentene var flinkast til det i starten og pressa oss litt bakpå dei første 17 minuttane. Men i fotball er det og viktig med teknikk og samarbeid, og det var dei to minste jentene på banen (Ina og Silje) som lynraskt tok ballen med frå eigen banehalvdel, spela raskt veggspel og vips var Ina aleine med keeper og det stod 1-0 til oss etter 17 1/2 min. Eit fantastisk angrep av to (03 mod) jenter med mykje fotball i seg.
Etter dette tok vi meir og meir over og jentene stod i kø med skuddetter skudd med redninger på streken for Trio i det 27.min. , og Trio var heldige som kun låg under med eit mål til pause.
I 2.omg. pressa vi høgt som medførte at vi fekk frispark både i det 4. og i det 8.min. Først var det Marte som viste at hun kan skyta godt og klinte ballen sikkert forbi alle Triojentene som hadde stilt seg på streken. Deretter var det Sigrid som viste at vi han mange gode skyttere på laget, då hun klinte ballen frå skrått hold forbi alle og i motsatt kryss til 3-0. Trio fekk og gult kort og utvist spelar ved dette frisparket, etter ein stygg ettersleng/felling av Sigrid på eit godt gjennomløp.
I det 17.min. var det assist frå Silje og igjen skudd frå Sigrid til 4-0 som blei slutt-resultatet. Trio var gode, kjempa hardt og gav oss kamp, men vi var betre og vann fortjent i ein kamp der vi til slutt var nærmere 7-0 enn utligning for Trio.
Dei som var med i dag: May Beate Brakstad, Lisa Jonetta Ølvestveit, Eli Omvik, Lene O. Furdal, Amalie Hovden Rød, Camilla Ripel, Helene S. Vågen, Hanna Tvilde, Thea S. Taranger, Sigrid Øyre, Annika Øye Guddal, Ida Marie Eidsvik, Silje Soldal, Ina T. Sandvik og Marte Bøyum. Kjekt å sjå stor utvikling både hos mange enkeltspelarar og for laget.
No har jentene på 9er laget spela ein gong mot alle motstanderlaga, og vunne alle kampane sine mot jevne og gode lag. No vil nok alle slå oss i neste runde, men det skal ikkje bli lett.

Yngve

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × 5 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.