J14 fossar vidare i serien

lagbilde Eidsvag 2016Søndag 5 juni var det klart for årets første graskamp, då vi tok i mot tabelljumbo Bergen Nord/Hovding 2 i strålande sommarver på Heio.

I J14 klassen er det opprykk og nedrykk mellom første og andre divisjon etter vårsesongen, og før denne kampen stod både vi, Arna Bjørnar, og Flaktveit med eit tap og resten sigrar, slik at opprykk med stor sannsynlighet kan bli avgjort på målforskjell.

Med dette i bakhovudet tok jentene tak i kampen frå start, og såg seg aldri tilbake.

Kontant forsvarsspel kombinert med stor fart framover på banen er ofte ein suksessfaktor, og anført av Hanna i storform på venstrekanten leia vi heile 6-0 til pause.

Sjølv om det var svært varmt på Heio klarte jentene å halda tempoet oppe også i andre omgang.

Når det meste fungerte framover på banen var det ikkje så kjekt å vera motstandar, og Bergen Nord/Hovding sin keeper hadde ein særs travel dag på jobben.

Dei klarte aldri å finna mottrekk og stoppa dei raske angrepsspelarane våre, og kampen enda til slutt 16-0 i vår favør.

Det viser seg at er blitt svært vanskelige å scora på, då jentene jobbar knallhardt både i forsvar og på midten, og for tredje kamp på rad klarte vi å halda nullen bakover.

Vi får håpa det fine veret gjorde sitt til at Bergen Nord jentene ikkje vart for skuffa, då det aldri er kjekt å starta på ein lang heimtur etter å ha tapt med slike siffer.

Målscorarar for Rosendal/Uskedal denne kampen vart: Hanna 6, Ina 4, Thea 2, Guro 2, Marte 1, og Sigrid 1.

Vi har no kun eit lokaloppgjer borte mot Trio igjen i vårsesongen. Dette brukar å vera jevne kampar, og dersom vi vinn denne er det store sjansar for 1.divisjon til hausten.

Ellers kan det nemnast at Uskedalen.no hadde eigen reporter til stades på kampen, og referatet hans kan du finna her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 + 6 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.