J16 Bortekamp mot Harding

Søndag kveld var vi 11 spelare som var klar til kamp. Mandag morgon var vi berre 10. Skader og kamp på eit dårleg tidspunkt førte til eit dårleg utgangspunkt. Ein stor takk til Bente, Eirin og Helena som stilte på kort varsel, slik at vi kunne reise 13 jente til Lofthus. Kampen endte 4-4 etter to sjanserike omganger. Jentene nektar å tape i haust, ein verkleg god eigenskap.

Første omgang var dårleg frå vår side. Ikkje var vi i duellane og Harding fekk kome gjennom gong etter gong. Eit godt midtforsvar og ein god keeper hindra at Harding leia meir enn 2-1 til pause. Vi vart einige om å vinne duellane i andre omgang, og det starta bra. Med fine kombinasjonar på midtbanen og to vakne spissar snudde vi til 3-2. Ei stund såg det ut til at vi skulle halde på overtaket, men slitasje og skadar på eige lag gjorde oss sårbare. Harding fekk to raske mål og såg ut til å snu kampen igjen til sin fordel. Vi fekk ei redusering like før slutt, og holdt på å ta alle poenga i sluttminutta då to cornare på rad gav oss store sjansar som vart redda på streken.

Alt i alt må vi sei oss nøgd med eit poeng med det utgangspunktet vi hadde. Vi mangla både halve det faste forsvaret og midtbanen. All honnør til dei jentene som var med å kjempa på banen.

Desse var med: Thea A Helgesen, Elisabeth Rebaudo, Astri M Skeie, Mone Andrea T Førland, Leonie Pauline Zimmermann, Nathalie S Olderkjær, Bente Y Halvorsen, Renate Alfarnes, Maria O Hardeland, Julie S Olsen, Ingeborg S Ljostveit, Helena S Riise og Eirin Hegland.

Mål: Ingeborg S Ljostveit (2) og Julie S Olsen (2).