J16: Bortesiger for Rosendal 2 mot Fana 1
Andre bortekamp i haust vart spelt mot Fana 1 på Nesttun kunstgress. Etter eit spanande heimeoppgjer i vår var vi budd på ein jamn kamp, men det vart det ikkje. Sluttresultat vart 4-8.
Allreie etter eit minutt leia vi 1-0 etter fint gjennomspel på topp. Vi auka raskt til 2-0, før Fana fekk ei redusering. Her i frå og ut omgangen var det berre Rosendal og til pause leia vi 5-1. Vi hadde ein liten medvind i første omgang, utan at det hadde den store innverknaden. Passningsspelet satt godt i denne omgangen med fine framspel til ein hurtig spiss, som stadig var farleg igjennom. Alle måla i første vart scora av Ingeborg.
Vi går opp i 6-1 rett etter pause, men let så Fana redusera 2 gonger. Det må seiast at vinden hadde auka på og til tider hadde vi ein kraftig motvind. Dette gjorde at vi mista kontrollen, som vi hadde hatt på midtbanen i første omgang. Resten av kampen vart mykje fram og tilbake, der vi scora 2 og Fana 1 mål til. Sluttresultat 4-8, noko som vi er godt nøgd med. Kjekt å sjå at vårt eige spel fungerer bra til tider. Måla i andre omgang vart scora av Ingeborg (2) og Silje (1). Det er ikkje ofte same spelar scorar 7 gonger i ein kamp.
Etter at Søre Neset ikkje møtte opp i forrige kamp har vi med dette teke 7 av 9 poeng i haustsesongen.
Desse var med: Thea A Helgesen, Elisabeth Rebaudo, Leonie Pauline Zimmermann, Marit D Guddal, Astri M Skeie, Juni Malene Ulvesæter, Silje Øyre, Nathalie S Olderkjær, Renate Alfarnes, Anne Marte Richardsen, Mariell V Gjuvsland, Ingeborg S Ljostveit
Målscorarar: Ingeborg S Ljosveit (7) og Silje Øyre (1)