J16 Rosendal – Ask 18-0

Laurdag var det klart for nest siste heimekamp for sesongen. Motstander var Ask og det viste seg tidleg at dette ville bli ein målrik kamp. Allereie etter 10 minutt hadde vi scora 5. Det stod 10-0 etter første omgang. Andre omgang var ikkje fullt så god frå vår side, men vi ga oss ikkje før vi hadde fått 18 mål.

Slik kampen utvikla seg så vart det viktig å holde konsentrasjonen, og prøve å spela god fotball. Dette fungerte stort sett i første omgang med godt passningsspel. Vi hadde full kontroll og Ask slapp ikkje inn på vår banehalvdel. I pausen vart vi enige om å fokusere på å halde ballen i laget, og la denne gjere jobben. Dette fungerte ikkje dei første femten minutta av omgangen. Vi vart mange som skulle gjera alt sjølv. Etter kvart fann vi tilbake til taktene frå første og då kom og måla. 

Alt i alt vart det ein kjekk kamp for jentene og vi får håpe dei tar gode følelsen med til dei neste kampane. All honnør til Ask som beheldt humøret kampen gjennom sjølv om dei fekk 18 mål mot seg.

Desse var med; Katrine Y Røssland, Thea A Helgesen, Anne Marte Richardsen, Astri M Skeie, Juni Malene Ulvesæter, Nathalie S Olderkjær, Helene Skåla, Renate Alfarnes, Mariell V Gjuvsland, Ingeborg S Ljostveit, Julie S Olsen, Mone Andrea T Førland, Elisabeth Rebaudo, Kristine Tveit og Tina S Olderkjær.

Målscorarar; Julie S Olsen (7), Ingeborg S Ljostveit (5), Mone Andrea T Førland (3), Helene Skåla (2) og Mariell V Gjuvsland (1)