J16 Rosendal – Ørnar 5-0

Siste heimekamp for sesongen vart spelt sundag ettermiddag. Kampen hadde ikkje noko å sei for sluttstillinga. Ørnar var allereie klare for sølv og vi bronse, men det var eit sterkt ønskje å visa at vi er bedre.

Etter to omgangar med spel som varma og vèr som stadig vart surare, stod vi igjen med ein fortent siger.

Vi fekk aldri spelt bortekamp mot Ørnar i vår, då dei ikkje ville flytta kamptidspunkt. Dette var difor eit lag vi ikkje hadde møtt før. Ut i frå resultata og plasseringa til Ørnar såg vi fram til ein spanandes kamp, men det vart tidleg klart at Rosendal var det beste laget. 1-0 kom allereie etter nokre minutt spel og då dommar blåste av for første omgang leia vi 4-0. Taktikken til Ørnar var å satse på gjennomspel i bakrom, noko vi stort sett hindra dei i.

Andre omgang starta som første med eit tidleg mål til Rosendal. Etter dette skapte vi ein del sjansar utan at det vart fleire mål. Ørnar slapp til med eit par sjansar i løpet av kampen, men dei rydda keeper fint opp i. Vèret vart etterkvart så surt at spelarane berre venta på sluttsignalet, og jublen for ein godt gjennomført kamp.

Det var mykje vakker fotball å sjå av heimelaget, og det er kjekt å sjå den gode utviklinga jentene har hatt det siste året. Det lovar godt for neste sesong. Ei stor takk til alle for fin innsats gjennom heile sesongen.

Vi enda til slutt på bronse, men med litt flyt i enkelte kampar kunne vi fort kjempa om sølvet. Vi får koma sterkare tilbake.

Kampoversikt og tabell finn du her; http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=131126

Desse var med; Thea A Helgesen, Anne Marte Richardsen, Astri M Skeie, Marit D Guddal, Juni Malene Ulvesæter, Nathalie S Olderkjær, TIna S Olderkjær, Renate Alfarnes, Mariell V Gjuvsland, Ingeborg S Ljostveit, Mone Andrea T Førland, Maria O Hardeland og Elisabeth Rebaudo

Målscorarar; Mone Andrea T Førland, Tina S Olderkjær (3) og Renate Alfarnes