J16 Rosendal – Sotra 2-1
Heilt sidan tap 4-0 på bortebane har vi venta på heimeoppgjeret mot Sotra. Vi følte at vi hadde noko å hevne, etter uheldig innsats i første oppgjer. Samtidig var det viktig med seier for å halde Sotra bak oss på tabellen. Vi spelte ein av dei beste kampane våre i år, og hadde kontroll stort sett i heile kampen. Noko anna enn 3 poeng hadde vi nok følt som eit ran.
Sjølv om vi fekk ein dårleg start, der Sotra scora på sitt første angrep, tok vi raskt tak i kampen og overtok initiativet. I motsetning til forrige kamp var vi i duellane og ønskte å vinne ball. Utlikninga ved Ingeborg kom tidleg i omgangen og vi hadde fleire sjansar til å gå i leiinga utan at det lykkast. Sotra vart effektivt stoppa, og prøvde seg med nokre langskudd som ikkje trua keeper.
Andre omgang starta som første med eit lite initiativ til Sotra, men vi tok snart over og produserte fleire sjansar. Eit mål hang i lufta. Då vi fekk straffe etter eit fint raid av Anne Marte var Mariell iskald og sette inn 2-1. Den høge innsatsen kampen gjennom førte til at midtbanen gjekk tom for krefter mot slutten, og vi gjorde det unødvendig spanande dei siste ti minuttane ved å sleppe Sotra inn i kampen. Gleda var stor då dommar endeleg blåste for full tid.
5 kampar i haust har no resultert i 3 seire og to uavgjort. Vi får håpe trenden fortset.
Desse var med: Thea A Helgesen, Anne Marthe G Zimmer, Kristine Tveit, Astri M Skeie, Juni Malene Ulvesæter, Nathalie S Olderkjær, Renate Alfarnes, Anne Marte Richardsen, Mariell V Gjuvsland, Ingeborg S Ljostveit, Ragnela O Pedersen, Leonie Pauline Zimmermann, Maria O Hardeland, Mari O Furdal
Mål: Ingeborg S Ljostveit (1) og Mariell V Gjuvsland (1)