J16 Smørås – Rosendal 4-2

I ein merkleg fotballkamp stod vi igjen med 0 poeng etter å ha møtt Smørås på bortebane. Etter å ha vunne sjansestatistikken 15-0 i første omgang leia vi berre med eitt mål. Andre omgang vann vi og sjansestatistikken, men det hjalp lite når Smørås scora på alle sine sjansar.

Vi møtte opp med god sjølvtillit etter ein god kamp i forrige serierunde, og i første omgang fortsette vi dei gode tendensane. Smørås vart overkøyrd og vi rulla opp angrep etter angrep utan at vi sette ballen i mål. Smørås hadde ein god keeper, men vi var diverre med på å gjera ho god. Vår eigen keeper var knapt borti ballen og Smørås slapp ikkje til med ein einaste sjanse. Allikevel måtte vi vente til siste spark på ballen før vi fekk ei fortent leiing. 1-0 til pause var for lite ut frå det gode spelet, og det hadde ikkje vore noko å sagt på om vi hadde leia 5-0.

Vi satte fokus på å fortsette det gode spelet i andre og ikkje sleppe Smørås inn i kampen. Deira keeper frå første omgang hadde no teke plass på midtbanen der ho og gjorde ein god innsats. På Smørås sin første sjanse fekk dei mål og dette sette ein støkk i laget vårt. Der vi vann duellane i første vart vi no meir ståande å sjå på. Etter to avslutningar til leia Smørås brått 3-1. Dette såg ut til å gje oss ein vekkar og vi overtok spelet mot slutten av kampen igjen. Ti minutt før slutt fekk vi ei redusering og det låg an til at vi kunne ta minst eit poeng. Eit bra trykk med fleire gode angrep førte ikkje fram, og i staden for fekk Smørås kontra inn eit fjerde mål på sin fjerde sjanse like før slutt.

Enkelte ganger er diverre fotballen litt for rund, og dette var ikkje dagen der vi skulle ha marginane med oss. Dette var det første tapet i haust. Vi får håpe det blir det siste.

Desse var med; Katrine Y Røssland, Thea A Helgesen, Astri M Skeie, Marit D Guddal, Juni Malene Ulvesæter, Mariell V Gjuvsland, Anne Marte Richardsen, Renate Alfarnes, Leonie Pauline Zimmermann, Ingeborg S Ljostveit, Ragnela O Pedersen, Nathalie S Olderkjær og Maria O Hardeland.

Mål; Ragnela O Pedersen (2)