Jamn kamp i regn og vind
I skikkeleg haustvær spelte Jenter 13/14 i kveld uavgjort 1-1 mot Trio.
Kraftig vind og piskande regn gjorde speleforholda vanskleg på Rosendal Kunstgras. Dette såg ikkje ut til å stoppa dei til ei kvar tid 22 jenter på banen til å gjera ein framifrå innsats. I ein jamnspelt kamp tok Rosendal leiinga i første omgang ved Ingeborg. 1-0 stod seg og til pause. Været prega kampen og i andre omgang, så noko finspelt kamp vart det ikkje, men spelet bølga fram og tilbake. Etter fleire gode avslutningar frå Trio, med gode redningar frå Thea kom utlikninga 10 minutt før full tid. Basert på spel og sjansar er nok uavgjort eit greit resultat.
Det var nok mange sletne og våte spelare som såg fram til ein fortent varm dusj etter slitet.
Frode.