Jentelaget vann 7-1 borte mot Bergen Nord/Hovding

Jentelaget vann heile 7-1 i kampen mot Bergen Nord/Hovding i dag. 1-0 kom etter eit flott vollyeskudd frå 16 meteren av Mariell.


Julie signert mål nummer to og tre etter at ho vart spelt i gjennom. 4-0 kom etter at Tonje fyrte av eit skot frå 40 meter som enda bak heimelaget sin målvakt. Inga driblar så «halve Salhus» og skrur ballen flott i mål, 5-0. Bergensarane reduserte til 5-1 før pause.

Etter pause er Julie på farten igjen og set inn 6-1 før ho set punktum med sitt fjerde for dagen og fastset sluttresultatet til heile 7-1.

Flott gjennomførd kamp av samtlege på laget.