Jentene er beste jentelag i 2. divisjon i Hordaland

Jentelaget vann med sterke 3-1 borte mot Varegg/Sandviken i kveld. Dermed er dei Hordaland sitt beste jentelag i 2. Divisjon. Inga skora eitt og Helene to. Kampen er nett ferdig og det vert meldt om årsbeste av jentene.


Jentene spelte ein fantastisk kamp! Etter ein heller dårleg heimekamp der det vart uavgjort 2-2 mot Hald/Skogsvåg/Telavåg, måtte jentene vinne i dag for å kunna titulera seg som meistrar. Varegg/Sandviken vann 7-2mot Hald/Skogsvåg/Telavåg og oppgåva for jentene virka umogeleg. Men jentene gjorde som sagt sin årsbeste kamp og vann heile 3-1. Stillinga var 1-1 til pause. No gjenstår ein kjekk heimtur i bussen, og for dei som ynskjer å møte dei ved samfunnshuset og gratulera jentene er dei heime klokka 23:30.
Vi gratulerar.

Bilete rett etter at sigeren er i boks. Foto: John Arne Olsen

Fleire bilete finn du her