Jentene spelar avgjerande kamp idag

Jentelaget spelar i kveld sin siste seriekamp. Då kjem Arna-Bjørnar 2 på besøk. Dersom rosendalsjentene vinn denne så er dei så godt som seriemeistrar. Einaste som kan forkludra dette er at Nordhordland vinn med over 16 mål over Bergen Nord/Hovding i deira siste kamp. Kampen går i kveld (onsdag) klokka 19:30.