Jentene tapte 1-0 mot tyske Endorf i kvartfinalen

Jentene spelte jamnt med tyskarane, men det ville seg ikkje denne gongen. Innsatsen var fabelaktig. Tonje K. Bryn skora på frispark i andre omgong, men dommaren annullerte målet grunna at det var eit inndirekte frispark.


Ballen gjekk direkte i mål utan at nokon var borti den, dermed vart det annullert.

No er alle laga ute av cupen. Alle laga og spelarane har gjort ein flott figur både på og utanfor banen. I morgon tidleg set dei seg på bussen og set kursen vestover igjen.

God tur heim!