Jenter 13 klare for finale og gutar 15/16 for semifinale
Det har vore ein særdeles spanande dag på sletto. Jenter 13 vann sin kvartfinale 2-1 mot Bøler Stjerne 1, etter golden goal. Dermed var dei klare for semifinale nokre timar seinare. Semifinalen vann dei suverent 3-0 over Grønnåsen. Dermeder dei klare for finale i B-sluttspelet. Finalen er mot Varpe 2, klokka 10:40 på fredag. Kampen går på E19 KFUM.
Gutar 15/16 vann sin åttandedelsfinale mot Eidanger heile 10-0. I kvartfinalen venta eit sterkt tysk lag, Egernförde UF. Gutane halte til slutt i land ein god 2-1 siger. I morgon klokka 09:00 møter dei eit knallsterkt Hammerfestlag i semifinale i A-sluttspelet. Denne kampen går på KFUM-1.
Samarbeidslaget G19 tapte sin åttandedelsfinale i B-sluttspelet etter straffesparkkonkurranse mot Hegra.
Følg med på liveoppdateringane utover dagen, for vi kan garantera nokre spanande kampar.
Liveoppdateringane er som vanleg sponsa av: