Jenter 16 med siger i Haugesund
Fredag ettermiddag sette 14 blide jenter seg i minibussen med kurs mot Haugesund og Cupspel. Då vart nemleg den årlege Haugesund Sparebank Cup arrangert. Litt uvant for våre jenter, som denne gang skulle prøva seg på 11-ar fotball. Her skulle vi møte fleire lag som i år har spela i 1.div Rogaland.
Laga var inndelt i puljer på 4 der halvparten gjekk til A-sluttspel og resten til B.
Fyrste kamp var alt kl 09 laurdag mot Nord frå Karmøy.Vi stod som heimelag, sjølv om kampen gjekk på Nord sin bane.
Viste det var eit bra lag, (har m.a slege Trio her) så vi valgte å ha hovudfokus på forsvarsarbeidet i denne kampen. Ligg kompakt og satsar på raske overgangar, kjem to ganger aleine mot målvakta utan å lukkast. Går difor til pause med 0-0. I 2.omg kjem Ingeborg på ny igjennom og denne gang går den inn via stolpen til fortent leiing. Etter dette blir vi litt for opptekne av å forsvare oss og vert liggande for lågt. Nord kjempar godt og overtar meir av spelet og 3 min før slutt klarer dei å utlikne etter litt uhell frå vår side. Dermed blir sluttresultatet 1-1, noko «bortelaget» tydelegvis var mest nøgd med.
Ny kamp alt kl 11.30 mot Ferkingstad. Dette vart ikkje den store underhaldninga, delvis på grunn av oss, litt pga av været og dels pga eit lag som slo mykje langt dermed fekk lite flyt i spelet. Men vi puttar eit mål ved Ingeborg og vinn fortent 1-0.
Kl 14.50 var det klart for dagens siste kamp, mot eit bra lag frå Kopervik. Dei hadde vunnet sine to fyrste kampar og dermed måtte vi minst ha uavgjort for å nå A-sluttspelet. Her hadde vi spelemessig framgang, men måla uteblei. I den sterke sidevinden var vi fullt på høgde, men gjorde litt feil valg føre motstandarmålet. Og då skjer det som ofte skjer at motstandaren set inn sigersmålet 5 min før slutt. Dermed missa vi A-sluttspelet til Nord pga målskilnaden. Ikkje veldig fornøgde jenter, men eg observerte at vi spelemessig og innsatsmessig gjorde vår beste kamp så langt.
Litt kvile og shopping på Amanda gjorde at humøret fort var tilbake 😉
Søndag kl 11 var det dermed klart for semifinale mot Fitjar, noko som skulle vise seg å både bli spennande og historisk.
Møter eit ok lag som har eit giftig angrepsvåpen i ei hurtig jenta på topp. Ho blir spela gjennom og klarer å plassera ballen til side for Åshild i mål og vi er under 0-1. Spelemessig er vi fullt på høgde men dei store sjangsane uteblir. Men like før pause vinn Rikke ballen på midten, tar den med seg og banker til frå 30-35 m. Målvakta får fingrane på den men går inn og vi er like langt. I 2.omg kjem Mari O.F og Ingeborg innpå og vi får meir trykk framover. Det går bare 20 sekund frå avspark før Ingeborg nok ein gong kjempar seg forbi og set ballen i mål. Etter dette har vi rimeleg bra kontroll, men så var det denne raske spissen då… 3 min før slutt er ho igjen forbi og setter ballen sikkert i mål 🙁 Så då står det 2-2 ved full tid, og det blir 10 min speleforlengelse. Her blir det ikkje mål, Fitjar nærast på corner,men vi redda på strek !
Dermed vert det MYNTKAST. Som lagleier bestemmer eg at vi skal velge krone. Uheldigvis får Fitjar velge først, heldigvis vel ho mynt, og heldigvis konstaterer dommaren at det blir krone. Då blir det B-finale.
Finalen går kl 14 mot arrangørklubben Djerv 1919. Dei hadde og 4 poeng i gruppa si etter m.a 0-0 mot Haugar 1 som vann A-finalen. Men vi gjekk til oppgåva i ruskeværet med stort pågangsmot.
Begge lag slit i starten med å få til det store spelet, vinden gjer det ikkje enklare. Skulle vise seg at heimelaget var farlege på dødballer, og set ballen i mål på eit av desse. Dommaren meiner det er for tøff behandling av målvakta vår og det endar med frispark i vår fordel.
Litt etter kjem Ingeborg gjennom etter eit vakkert gjennomspel og set ballen trygt i mål og vi er i føringa ! Fortsetter med knallbra jobbing,og treff med fleire passningar. Har nærast full kontroll på motstandaren, med unntak av frispark og cornere der dei er småskumle. Får og eit mål annulert der målvakta klarerer ballen hardt i Ingeborg frå 2-3 meters avstand og den sprett tilbake inn i mål. Meget tvilsomt annulert for hands!2.omgang har vi enda bedre kontroll på og når det gjenstår 2 min, ja då er ho der igjen og puttar sitt 5 mål for helga. Kampen er avgjort og vi tek ein fortent 2-0 siger 🙂
Dermed er det vi som står igjen med pokalen.
Har sett ei positiv utvikling i løpet av helga, til trass for trøtte bein mot slutten. Samtlege har bidrege positivt og prøvt å løyse oppgavene på best mogleg måte. Forsvarsarbeidet har jevnt over vore strålande, midtbanen jobba godt og vi har hadt brukar uttelling på sjangsane. Eg er ialfall fornøgd og fekk bekrefta det eg trudde, at vi har eit bra lag, og i 11-ar fotball.
Takk for ei flott helg og masse takk til Atle som var med frakta dåke trygt fram og tilbake !
LK