Jubel og idrettsglede på Ekebergsletta
Med 3 lag i A-sluttspelet, ein puljevinnar og direkte TV sendt kamp på TV2 i går har starten på årets Norway Cup nærast vore eit eventyr for laga frå Rosendal, seier Knut Førland som er Rosendal turnlag sin hovudleiar i Oslo under Norway Cup.
Totalt er 70 spelarar og lagleiarar frå Rosendal i Oslo denne veka, og Knut Førland gir stor honnør til alle spelarar for sin opptreden både på og utanfor banen. Dette er flott idrettsungdom som oppfører seg eksemplarisk og viser stor idrettsglede. Honnør fortener også våre dyktige trenarar/lagleiarar, og dei mange entusiastiske foreldra på sidelinja som skaper liv og god stemning under kampane. Eit eksempel på dette fekk vi alle sjå under den direktesendte kampen på TV2 i går. Ein ekstra honnør fortener Tide og sjåførane våre under Norway Cup, Håkon Mehl og Atle Jarle Bauge. Dei står verkeleg på og gir oss ein strålande service.
Etter litt regn i dag har sola no komen tilbake, og vêrmeldingane for resten av Norway Cup er veldig gode. Her er det berre å gleda seg til det som skal skje resten av veka.