Jubileumsfeiring – Rosendal Turnlag 110 år!

Laurdag 18. Juni er det klart for jubileumsfeiring. Programmet finn du her. Vi oppmoar alle som ein om å ta turen, store og små.


11:00 Oppmarsj frå Skålakaien. Rosendal Musikklag spelar.

11:30 Aktivitetar på stadion v/barnetrimmen, skigruppa, friidrettsgruppa, fotballgruppa og trimsenteret.

14:15 Premieutdeling.

Det vert også premieutstilling, skuddmålar og kiosksal.
Barnetrimmen finn du på grasbanen og i gymsalen mellom kl.12:00 og 13:00

Skigruppa finn du ved uteplassen til ungdomsskulen mellom kl. 13:00 og 14:15

Friidrettsgruppa har aktivitetar mellom kl. 12:00 og 14:00. Der kan du hoppa lengde, springa 60 m og kasta kule og liten ball. Premie til dei som deltek på alle fire aktivitetane.

Fotballgruppa finn du på kunstgrasbanen. Der kan dei mellom 6 og 14 år prøva og ta minimerket.

Spelarar frå a-lget kjem og hjelper til. Vi har leigt inn ein skuddmålar. Den måler farten på ballen når du skyt.

Trimsenteret er ope for omvisning.

Fysioterapeuten vil vera der og gje gode råd om trening .

Det kan og dukka opp andre aktivitetar i løpet av dagen.

Alle som deltek på aktivtetsdagen vil få ein premie

Velmøtt til ei triveleg økt på Rosendal Stadion.