Jularennet på Korlevoll 2. Juledag 2008

Det var fantastisk vær, rikeleg med snø og nydelege løypeforhold under Jularennet på Korlevoll 2. Juledag. Løpet for dei vaksne er 15km fristil som vart gjennomført med 3 rundar i 5km løypa.


Løpet var fellesstart delt opp i 4-5 mindre startgrupper ut frå aldersklasse. Trasseen på Korlevoll er svært flott med plass for fleire i breidda rundt heile løypa. Det kom godt med etterkvart som «kanonene» kom susande forbi frå seinare startgrupper. Åsmund Hellesøy fekk tida 42:52 noko som var over 11 minuttar bak vinnarane Chris Jespersen og Sjur Røthe. Som einaste startande i årsklassen Menn 36-40 år haldt det til seier i klassen :o)