Julegåvetips

Kaare Skaala (t.v), Morten Nygård, Øystein Skaala og Kåre Eik.

I fjor lanserte RT Turgruppa og Rosendalstiftinga eit svært flott og påkosta hefte om Myrdal. «Geostien frå Rosendal til Øvre-Myrdal» er rikt illustrert, og inneheld mellom anna stoff om kulturlandskapet, stadnamn og stølar, auren i Myrdalsvatnet, augestikkarane ved Vasetjødno, flora og «den mystiske steinen». Er du på jakt etter ei populær julegåve, så er dette heftet eit godt tips. Heftet er i sal hjå Rosendal Bokhandel.

«Geostien frå Rosendal til Øvre-Myrdal» er ein del av prosjektet som også resulterte i informasjonsskilt både i Skaaladalen og i Melsdalen, og ikkje minst rastebua ved Myrdalsvatnet som vart opna i sommar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.