Kamp til siste slutt

Siste vårkamp for Jenter 13/14 vart ein kamp både mot naturkreftene og motstandar Bremnes. Etter å ha lege under 0-2 til pause, snudde jentene kampen i andre omgang og vann 3-2. Godt gjort!

Etter to seiere på rad før denne kampen var det spennande å sjå om vi klarte å halde fokus, også i siste kamp før sommaren. Vi møtte eit lag frå Bremnes som før denne kampen hadde like mange poeng som oss. Alt skulle tilsei ein jamn kamp.

Spelet til begge lag vart hemma av kraftig nedbør og i starten såg det ikkje ut til at det skulle bli mål i det heile. Store sjansar vart «brent» av begge lag. Bremnes viste seg etterkvart å vera flinkare til å vinna duellane og fekk etterkvart to mål. Ikkje ufortent med leiing til bortelaget ved pause.

I pausen foksuerte vi på at kampen ikkje var tapt sjølv om vi låg under, og at intensiteten måtte opp. Dette gav etterkvart resultat og vi fekk ei tidleg redusering ved Ingeborg. Etter dette vart kampen meir jamn att og bølga fram og tilbake. Det såg lenge ut til at sluttresultatet skulle enda 1-2, men ein sluttspurt dei siste fem minutta gav oss to mål av Julie og tredje seier på rad.

No kan vi ta ein velfortent sommarpause frå serien og fokusere mot Norway Cup.

Frode.