Kampoppsett miniturnering i Rosendal 10.06

Då er kampoppsettet klart for årets miniturnering i Rosendal. Heile 50 lag er meldt på så her vert det liv og røre. Vi vil takke Are Ulseth som har satt opp oppsettet, det er mykje arbeid når det er så mange lag. Gje ein lyd til Arvid Ns dersom de ser at noko er gale.


Turneringa startar klokka 11:00 og dei siste kampane går klokka 16:00.
Alle lag får minimum 3 kampar, nokre lag får 4 for at det skal gå opp.
Det vert spela 2×10 minutt.
Alle lag må levera inn namneliste på spelarane, helst før søndag, men ein kan og levera når ein kjem på turneringa.

» Kampoppsett

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til fotballfest!!