Kampoppsett – miniturnering i Rosendal

Då er kampoppsettet for miniturneringa komande helg klart. Start kl.10:30. Ferdig rundt kl.15:00. Open kiosk med sal av diverse.


NB! Endring i kampoppsett for klassen J2006/07, G2007 og Mix2007

I klassen der gutar 07, jenter 06/07 og mix 07 er samla, kjem no eit nytt kampoppsett, som me ber dykk distribuera rundt til dei hos dykk som dette vedkjem. I denne klassen er det 3 mix-lag, 3 jentelag og 2 gutelag. I det første oppsettet var det berre sett opp 1 rein jentekamp, 1 rein mix-kamp og ingen reine gutekampar. Som ein konsekvens av tilbakemeldingar på dette er nytt oppsett laga, der alle jentelaga får to jentekampar kvar og Rosendal gutar 07 får møta Ternen gutar 07.

Ulempa med det nye oppsettet er at dei fleste laga må ein spela to kampar etter kvarandre ein eller annan gong i cupen.

Me har brukt dei same banane (5 og 6) og det same tidsrommet som i første oppsettet.

» Her er kampoppsettet for J2006/07, G2007 og Mix2007

» Kampoppsett

Alle trenarar/lagleiarar må levere liste med namn på spelarar i sekretariatet.
Flotte pokaler til alle spelarar.
Det er meldt sol og fint, så få med føresette, søsken, besteforeldre og andre.
Velkommen til alle!
Vi gjev ein stor takk til Are Ulseth for hjelp til å laga oppsettet.