Kampoppsett – miniturnering på Halsnøy

Då er kampoppsettet klart. Som Are har nemd før, så er det STOR fordel om klubben melder på lag samla. Mykje mindre sjans for misforståelsar og feil ved påmelding.
Håpar eg har fått retta opp i dei små «innmeldingsfeila» som har vore og at alle er med.
Har delt laga inn i grupper, som er gitt fargekodar. Nokre lag er kanskje hamna litt feil, men slik vil det alltid vera med alle dei kombinasjonane me har av lag i denne kommunen:-)


» Kampoppsett

Me kjem til å bruka 5 banar. Får ikkje full utnyttelse av dette, men me blir litt tidlegare ferdig.
Puljer med 4 lag, får eit lite opphold mellom kampane, slik at dei som nettopp er ferdig med ein kamp får 10min til å springa i kiosken.-)

2 lag får 4 kampar. Det står på oppsettet kven det er.

Meld frå straks om ein ser åpenbare feil, som at ein møter same lag 2 ganger, ikkje har 3 kampar, etc. At ein må vera 3 timar på cup er ikkje «feil»……….

Mvh
Verner Fjelland