Kampreferat Åsane – Rosendal J14

Aasane jubel

Laurdag 16. april var det klart for årets første bortkamp for jentene, mot Åsane på  Myrdal kunstgrasbane.

I og med at banen ligg like ved dei store handlesentera i Åsane slo vi to floger i ein smekk. Med totalt 17 spelarar kom vi oss tidlig avgårde, og jentene vart slept laus på shopping i nesten to timar, før vi gjorde oss klare til kamp.

Motstandar Åsane spelte 2-2 mot Hordabø i første kamp,  og vi såg for oss ein jamn kamp sjølv om ryktene blant jentene gjekk på at stort sett samtlige av motstandarane  spelte på landslag og kretslag. Det såg ut som jentene var litt nervøse på grunn av dette, for Åsane tok tak i kampen frå start og pressa oss bakover. Dei første 10-15 minuttane hadde vi nok med å forsvara oss, og May Beate hadde eit par gode redningar, før vi sakte, men sikkert jobba oss inn i kampen.

Utover i omgangen tok vi over meir og meir, og etter 28 minutt fekk Hanna ein flott løpeball på høgresida. Ho sprang frå heile forsvaret, og det presise innlegget havna som vanlig på høgefoten til Ina, som enkelt sette inn 1-0 til oss.

Berre eit par minutt seinare kom nummer 2. Ein lang ball framover framover havna i beina på Silje, og i hard kamp med både keeper og forsvar sette ho inn 2-0, som og vart pauseresultatet.

Helge legg taktikk for 2 omgang

2.omgang var som den første tett, og jamn. Alle trudde at Camilla hadde punktert kampen etter 10 minutt, men det harde skuddet fra 20 meter strauk på utsida av stolpen. Istadenfor 3-0 til oss var det like etterpå Åsane som fekk krangla inn redusering til 1-2. midt i andre omgang, Minuttane etter reduseringa pressa heimelaget på for utlikning, men forsvaret med Marte og Amalie i spissen stod i mot presset.

Med 10 minutt igjen fant Guro ut at det var på tide å roa nervene til den engasjerte gjengen på sidelinja. Etter klabb og babb i Åsane feltet fekk ho ballen rundt 16 meteren og dundra den i mål utagbart for keeper. Silje ville ikkje vera verre, og på pur vilje fekk ho krangla ballen med seg forbi heile midtforsvaret til Åsane, før ho avslutta med eit flott skudd utagbart for keeper, og dermed 4-1.

Piffen gjekk ut av motstandarden etter dette, og dei siste minuttane kontrollerte jentene kampen inn til ein sterk siger.

Alt i alt ein knallbra fotballkamp der samtlige stod på fra start til mål. Det er kjekt å sjå at vi ikkje står noko tilbake for Bergenslaga i kvalitet, og etter 2 kampar mot ny mostand står vi med full pott og 13-3 i målforskjell.

Neste kamp for jentene er heime mot Arna Bjørnar fyrstkommande laurdag klokka 15. Arna-Bjørnar er jo ellers kjent for å ha eit ganske bra damelag i eliteserien, så vi satsar på at vi får mykje publikum i ryggen når vi skal visa dei at vi kan spela fotball her i Kvinnherad og.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 5 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.