Kampreferat Rosendal – Sotra

straffe-mot-sotra

Søndag fekk vi besøk av tabellnabo Sotra til haustens fjerde kamp i 1. divisjon.

I likhet med oss rykka dei opp frå 2. divisjon etter vårsesongen, og stod som Rosendal/Uskedal med 1 siger og 2 tap etter dei 3 første kampane.

Alt låg med andre ord til rette for ein tett og jamn kamp på ei flott grasmatte i Rosendal.

I forhold til dei to siste kampane som vi tapte, merka vi ein stor skilnad i innstillinga til jentene til denne kampen.  I staden for å snakka om kor gode motstandarane var, snakka jentene no om at dette var ein kamp vi skulle vinna.

Som sagt så gjort.

Vi stupte ut av startblokkene i  det dommaren bles i gong kampen, og kjørte over Sotra frå start av. Etter berre 3 minutt kom vi rundt på høgra sida, og framfor mål var som alltid Ina som sikkert sette inn 1-0.

Berre eit par minutt seinare var det klart for mål igjen, då Silje kom fri i feltet og nikka inn 2-0 på innlegg frå høgre sida.

Like etter var det reprise på forspelet til 2-0 scoringa, rundt på kant, innlegg frå høgre, og heading, men denne gongen vart det diverre ikkje mål.

Kjekt å sjå at ting vi jobbar med på trening fungerer i kamp og.

Klokka var enno ikkje passert 10 minutt då kampen i realiteten vart avgjort. Ina fekk tid og rom inne i 16 meteren til Sotra, og knalla sikkert inn 3-0.

Etter dette roa spelet seg ned ei stund, og vi passerte 23 minutt før neste mål kom. Ein lang ball gjekk over midtstopparane til Sotra, og då var sjølvsagt Ina på plass igjen. Ho sprang frå forsvaret, og trilla enkelt inn 4-0.

Dette vart også pauseresultatet, sjølv om Sigrid var nære på å auka til 5 på eit kanonskudd like før pause.

Ellers må det nemnast at midtbanen og forsvaret vårt spelte glimrande i første omgang. Ida Marie jobba som ein terrier på defensiv midtbane og dei 4 bak; Eli, Marte, Lene, og ei småsjuk Amalie, slapp faktisk berre Sotra til ein målsjanse heile første omgangen.

Vi hadde stor tropp med 18 spelarar med oss denne kampen, og for å gi alle kamptrening vart det gjort ein del bytte utover i kampen.  Ei komfortabel leiing kombinert med alle bytta var nok også noko av grunnen til at vi slapp Sotra inn i kampen i andre omgang. Det vart mykje krig og lite sjansar til oss denne omgangen, og etter 13 minutt kom Sotra seg fri på venstre sida og reduserte til 4-1 etter at vi ikkje fekk klarert.

Sotra hadde mesteparten av spelet utover i andren omgangen, men vi var solide i forsvar og aller bakerst hadde vi ei May Beate som drog fram redningar frå øverste hylle dei få gongene Sotra kom til farlige skudd.

4 minutt før slutt sendte Marte ein lang ball over heile forsvaret til Sotra, og då var sjølvsagt Ina på hogget igjen. Ho kom åleina med keeper, men i det ho skulle setja ballen i mål vart ho sparka ned bakrfrå, og dermed straffe.

Den tok ho sjølv, og fastsette sluttresultatet til 5-1 med si fjerde scoring for dagen.

Vi viste nok ein gong at vi er knallgode heime på gras, og det er nesten synd at vi no ikkje har heimekamp igjen før etter haustferien. Dei to neste helgene skal vi møte Nore-Neset/Os, og Stord på bortebane, før vi skal ha revansje for Norway Cup tapet mot Tertnes på heimebane 16 oktober.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.