Kanskje dei beste lysforholda i kommunen
Dei som bur i Rosendal og omegn har nok merka seg at flomlyset på kunstgrasbanen no er i orden. Med lavt skydekke i kveld så vart det ekstra merkbart.
Ved skumring skal lyset no slå seg automatisk på. Meininga er at det då skal slå seg av att klokka 21:30, dette skjedde ikkje i kveld, men litt justeringar ordnar nok den saken.
Det er eit fabelaktig lys på banen, treningsforholda vil vera optimale også på kveldstid. Til og med nederste del av grasbanen kan nyttast når lyset står på.
Unggutane var på pletten med eingong lyset kom på i kveld, og når klokka passerte 21:30 var det framleis 10-12 gutar i aksjon der nede. Dette viser kanskje at banen kjem til å skapa mykje flott aktivitet også utanom treningstidene.
Ein takk til alle som har gjort ein innsats med banen er på sin plass, godt jobba!