Keeperskule i Rosendal i samband med TINE Fotballskule

Rosendal kan med glede invitere til keeperskule den 24-25 juni, den vil gå parallelt med Tine fotballskule. Til dei som allereie er påmeldt Tine Fotballskule hoppar over til keeperskulen den 24 juni utan ekstra kostnader. Dei har plass til mellom 20-30 born i alderen  8-16 år. Keeperskulen vert halde av Bergen Keeperskole (BK)

Den 2-dagars keeperskulen startar kl.09.00 begge dagar og held på til kl.14.00, og føl same dagplan som TINE Fotballskule.

Ein deler opp deltakarane i grupper, som får kvar sin trenar som følgjer gruppa begge dagar. Inndelinga skjer ut frå alder, slik at dei yngste og eldste trenar i kvar si gruppe. I gruppene vil det verte arbeida med basisteknikkar som alle keeperar må ha kontroll på. Dei har 4-5 hovedtemaer som er viktige for alle keeperar. Basisteknikk som grep, fallteknikk, forflytning-skot, ein mot ein, ditribusjon og litt feltarbeid vil det verte trent mykje på. Ellers er det fokus på fotarbeid, koordinasjon, balanse og litt styrke.

Under heile keeperskulen vil BK ha sal av diverse keeperutstyr frå REUSCH og DIADORA: keeperhanskar, keeperdrakter og anna utstyr som ein keeper treng.

Pris:
Alt. 1: Berre 2- dagars keeperskule kostar kr. 500,-
Alt. 2: TINE-Fotballskule og keeperskule kostar kr. 675,- (då er ein med på TINE-fotballskule fyrste dag.)

OBS! Merk betalinga med keeperskule enten ein vel alt. 1 eller 2.

Hugs det er kun plass til 20-30 stk. på keeperskulen så ver rask med påmelding om du vil vera med.

Påmeldingsfrist innan 15. juni
Påmelding til Romar Skeie Olsen
Påmelding Keeperskule Påmelding Keeperskule

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.