Kirsten Bjørke Hellingsrud æresmedlem i Rosendal Turnlag

Styret i Rosendal Turnlag har tildelt æresmedlemskap i laget til Kirsten Bjørke Hellingsrud.

Kirsten blir utnemnd som æresmedlem fordi ho i meir enn 10 år har ordna rekneskap og bilag for laget, eit arbeid ho har utført på ein god og plettfri måte.

– Du har gjort ein enorm stor innsats for Rosendal Turnlag, og då du varsla at du ville trekkja deg, så var det heilt naturleg å utnemna deg som æresmedlem. Du blir Rosendal Turnlags fyrste kvinnelege æresmedlem, og i 2020 – må vel det kunna seiast å vera på høg tid.

Når du no trekkjer deg tilbake, så vil du få meir tid til familie og andre ting du likar. Eit heilt nytt tilvære kan starta. Vi kjem til å sakna deg sårt, men forstår og respekterer valet ditt.

I så måte vil vi på vegne av alle i Rosendal Turnlag – takka deg for innsatsen, ynskja lukke til, og gratulerer deg som æresmedlem i laget i ditt hjarta, sa styreleiar Jostein Hatteberg då han overrekte beviset på æresmedlemskap til Kirsten.

(c) Rosendal Turnlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fourteen + 19 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.