Kjekk miniturnering på Halsnøy
PS! Nye bilete er lagt ut.
Den første miniturneringa for året gjekk av stabelen på Halsnøy idag. Det var mykje snakk om vêret på førehand, og yr.no har nok hatt mange treff siste veka. Heldigvis vart ikkje vêret så gale som ein hadde frykta.
Underteikna hadde med seg minigutar 2001. Dei gjennomførde ei framifrå turnering, den beste så langt i deira karriere. Gutane slo først Trio1 5-3, deretter Trio2 10-4 og avslutta med ein 4-0 siger mot Herøysund.
Det som gleda mest er å sjå den utviklinga i fortballforståing og samspel dei har hatt sidan dei starta si første trening våren 2007. Innsatsen var enormt bra. Vart eit angrep avslutta var det full fart heimatt i forsvar, og når ballen atter eingong vart erorbra var det full fart i angrep. Dette viser at alle tek ansvar for at ein skal ha det artig på banen.
Sist, men ikkje minst, oppførte gutane seg eksemplarisk på Halsnøy.
Helsing ein nøgd trenar
Romar
PS! Har du bilete frå turneringa? Send dei til denne adressa romar@n-lt.no så legg vi dei ut, gjerne med tekst frå dykkar opplevingar på Halsnøy.
Minigutane 2001 etter 10-4 siger mot Trio 2