Kjempehelg på VossCup
Då har Lillegut 11 år gjennomførd sin fyrste cup med overnatting, og eg kan lova at det vert ikkje siste, for makan til eksemplarisk oppførsel skal ein leita lenge etter. I frå vi satte oss i bussen fredag ettermiddag til vi forlot bussen sundag, har det vore ein sann fornøyelse å vera med desse karane på tur!
Vi kom til Voss fredag kveld og etter å ha sett G03 i aksjon i sin fyrste kamp reiste vi til Bjørgum skule og «innreia» klassserommet vårt med luftmadrasser, liggeunderlag og soveposar. Når dette var gjort bar det ut på kunstgraset, som låg like ved, til fotballspeling med likesinna frå Halsnøy og Trio. Gutane gjekk saman og spelte sånn ca 15 mot 15 på særs liten bane, korleis dei visste kva lag kven var på lurar vi framleis på, men dei gav alt der og.
Klokka 23:00 skulle det vera ro på skule, 22:15 «plystra» vi karane inn, 22:40 vr samtlege i soveposane og 23:15 var både mobilar og gutar på lading og det var ro. Vi vaksen trudde knapt det vi såg og ikkje høyrde. Dette lova godt, og underteikna lova NorwayCup om to år dersom dei kunne visa slik oppførsel resten av helga.
Laurdag morgon bar det avgårde til Vossahallen for frukost før fyrste kamp mot Bjarg klokka 11:00. Kampen gjekk på gras og det såg ut til at dette var litt uvant for gutane, i tillegg var banane litt mindre enn det dei er vane med. Bjarg hadde allereie spelt ein kamp og var meir vane med underlaget og dei gjekk av med ein 3-0 siger.
Neste kamp var tidfeste til 15:30 då var det IL Vik som stod for tur. Gutane fekk «fri» og gjekk saman for å utforska cupområdet, nokon tok turen med Hanguren, medan andre sjekka anna «natur» på området ;o).
Etter middag var det igjen klart for førebuing til kamp. Vi varma godt opp, og underteikna kunne opplysa spelarane om at Vik var eit av dei beste laga på cupen, så no måtte vi vakna.
Dette tende gutane og etter mykje godt spel av heile laget kunne vi gå av banen med ein solid 3-1 siger. Etter kampen vart det spekulert i om at no var vel Rosendal eit av dei beste laga i cupen. Underteikna kunne slå fast at det var dei nok, men at eg ikkje hadde peiling om det var betre lag enn Vik på cupen. Då fekk eg melding om at det byrde eg ikkje sagt for då var den sjansen for å tenna gutane før ein kamp spolert, noko dei sjølvsagt hadde rett i, men rett skal vera rett.
Etter denne kampen tok vi minibussen til skulen for litt avslapping før siste kamp for dagen som gjekk mot Askøy klokka 18:30. Då vi kom i bussen igjen på vei til stadion lurte karane på om Askøy var gode. Underteikna kunne då beretta at Askøy sitt herrelag låg i 2. divisjon medan Rosendal ligg i 5. divisjon, så fekk dei tenka litt på det på veg til banen.
Det skulle visa seg at gutane var godt nok tende til denne kampen og. Askøy hadde ein del «store» spelarar som med ufine metodar (les: skubbing utan at ballen var i nærleiken) prøvde å setja gutane våre utav spel. Men våre spelarar lot seg ikkje påverka, men vart heller meir og meir innbitte på at denne kampen skulle dei vinna. Stillinga var 0-0 til pause etter at vi hadde hatt nokre gode sjansar framføre Askøy målet. Askøy kom stundom på besøk til vårt mål, men heldigvis rydda målvakta og forsvaret godt opp. I andre omgong pressa vi på og når det gjennstod 2-3 minutt satte vi endeleg inn sigersmålet til enorm jubel frå sidelina. Kjempekamp som viste moralen som bur i laget.
Dette var siste kamp for dagen og no bare det tilbake til skulen til grillfest. Odda laga som budde på smae skule, tilbydde oss å låna ein stor tønne grill som dei hadde bragt med seg frå Odda og opp. Vi vil takka Odda for dette, som gjorde at vi fekk ein fin grilkveld. Etter grilling bar det ut på kunstgraset igjen til meir fotballspeling, ja du leste rett, til meir fotballspeling. Klokka 22:30 var det klart for å roa ned, og 22:45 var gutane i soveposane igjen, utan ei mina om at dei ville vera lengre opp. 23:30 tenkte vi vaksne at vi fekk gå inn og be dei sløkka mobilane, det var ikkje naudsynt for allereie då var dei fleste sovna og alle mobilar lagt bort, mest ikkje til å tru.
Sundag var det klart for ein siste kamp mot Loddefjord. Kvart på sju gjekk «reveljen», på med fotballdrakt og sko, og rett på frukost. Etter ei lang oppvarming og med god uttøying og lausristing av tildels slitne musklar var gutane beredt ti nok ein innsats på banen. Loddefjord viste seg å vera knallgode, det beste laget vi nokon gong har møtt. Vi vart hardt pressa, og Loddefjord hadde fleire skot i tverrliggjar og på mål der målvakta vår redda fint. Likevel kontra vi inn fyrste målet og leia 1-0 til pause. Etter pause brente Loddefjord fleire sjansar, medan gutane våre kjempa for å skåra fleire mål. Dette gjorde vi og vi gjekk opp i 2-0. Loddefjord reduserte like etterpå til 2-1, medan vi svarte med å gå opp i 3-1. Mot slutten fekk Loddefjord banka inn to mål til og kampen enda 3-3. Eit resultat det står respekt av, og eit rettferdig resultat alt i alt.
Dette var siste kamp for denne gongen på VossCup, men vi kjem nok attende til neste år. Bussturen heim gjekk fint, allsong til Tore Tang tykte trenaren var strålande. Godt vi får bringa slike slagera vidare i generasjonane ;o).
Til slutt vil eg gje ein stor takk til alle 13 spelarane for ein fantastisk flott tur, og gjorde dette til ei god oppleving for alle som var med. Å sjå at alle er med alle, at ingen kjeftar på kvarandre på banen, men heller hjelper med oppløftande ord til kvarandre, varmar eit trenarhjarte.
Vil og gje ein stor takk til dei vaksne som var med på turen.
Vårsesongen avsluttar vi med kamp i Herøysund på kommande torsdag. Alle som vil sjå eit lag med godt spel, godt samhald og god moral har sjansen til dette klokka 17:15 på grusbanen i Herøysund. Velkomne.
VossaCup helsing frå
Romar – trenar og
Kristin – lagleiar
Biletalbum finn du her (Foto: Maylin Kristiansen)
Fleir bilete kjem etterkvart Bileta er ikkje sortert så det kan vera nokre som er ganske like 😉