Kjempekamp av Gutar 13

MÅÅÅL, MÅÅÅÅL, MÅÅÅÅÅL x 12….ja, det ville ingen ende ta då G13-laget varta opp med fotballfest for eit stort antall publikum på stadion søndag formiddag. Trio stilte med toppa mannskap og kjempa tappert. Sjølv om det var Rosendal som hadde eit visst overtak frå starten av, klarte Trio å gå til pause med bare å ligga under 2-5. Då dei redusertre til 3-5 etter kun 3 min av 2.omgangen hadde dei nok eit håp om eit lite under.


Trenaren ropa: «ikkje la Rosendal komma inn i kampen igjen», men det gjorde dei og det gjekk bare 50 sekund før det stod 6-3 i målprotokollen. Etter det var det ein periode på 15 min med kriging og kjemping uten mål, men derfrå og inn var det bare eit lag på banen, og då var det 6 strake mål til Rosendal som kjempa Trio i senk. Arviden var blid som ei sol der han styrte musikk, issalg og måltavla som viste 12-3 ved kampslutt.

I dag gjorde alle ein kjempeinnsats. Olav stod (som vanlig) som ein bauta i mål. Espen rydda sikkert opp i det meste og styrte gjengen sin i dei bakerste rekker. Karsten, Mats, Kristian og Martin bidrog sterkt til å rydda opp i forsvarsfireren, med eit enkelt, direkte og besluttsomt spel via midtbanen. Midtbanen med Kristoffer, Mathias og Torgeir la nok ned flest kilometer i kveld, og kjempa gode Triogutar tom for krefter, demma opp for gjennombruddsspel og bidrog til eit svært effektivt gjennombruddsspel for vår eigen del. Angrepsrekka vår i dag med Sondre, Emil, Ian og med innhopp av Ørjan og Trym (00-mod) gjorde det dei skulle: trua bakrom og scora (mange flotte) mål !!

Neste heimakamp er onsdag 6.juni klokka 17.30, og vi kan lova at det blir minst lika kjekt for alle som tar turen for å sjå ein gjeng som stadig tar nye steg !!