Klar siger etter ein god andre omgang

Godt spel i andre omgang førte til klar siger 8-3 for Rosendal 2 J16 mot Bjørgum. Vi er som ofte før ikkje nok skjerpa frå start, og treng ein omgang på å koma i gong.

Kampen starta på best mogleg måte med ei rask scoring til Rosendal. Akkurat då såg det ut som om det skulle bli ein enkel kamp. Kanskje det var det jentene trudde og, for vi gav vekk initiativet til Bjørgum og dei fekk scora to enkle mål. Vi gjorde mykje av dei same feila som i tidlegare kampar. Motstandar var først i alle duellar, og fekk alt for god tid med ball. Vi heva oss mot pause og det var ingen ting å sei på at vi utlikna før omgangen var over.

I andre omgang fekk vi verkleg vist kva vi er god for og store deler av omgangen var einvegskøyring mot Bjørgum sitt mål. Vi scora seks gonger før Bjørgum fekk eit trøystemål mot slutten.

Vi er no oppe i 16 poeng på åtte kampar, noko vi må sei oss nøgd med.

Målscorarar for Rosendal: Ingeborg S Ljostveit (4), Tina S Olderkjær (3) og Mone Andra T Førland (1)

Desse var med: Thea A Helgesen, Elisabeth Rebaudo, Astri M Skeie, Marit D Guddal, Juni Malene Ulvesæter, Helena S Riise, Anne Marte M Richardsen, Renate Alfarnes, Mone Andrea T Førland, Tina S Olderkjær, Ingeborg S Ljostveit, Lene Krossøy, Nathalie S Olderkjær, Mailin Klette, Leonie Pauline Zimmermann