Klare for NorwayCup

Dei fleste laga har hatt ein god treningsoppkøyring før Norway Cup, og alt ser ut til å vere i rute. I år har me to bussar, der den eine startar frå Uskedal, busslomma ved skulen kl.08:30. Deretter køyrer begge frå Rosendal Samfunnshus kl.09:00.



Rosendal T.L. har òg skaffa seg et 1x3m banner med klubbmerke og Heia Rosendal. Dette skal me ha med oss rundt på kampane. Satsar på ein flott og triveleg tur.