Klart for Keeperskule
I helga er det klart for keeperskule i Rosendal. Klokka 09:45 på laurdag er det registrering og utlevering av utstyr til dei som har bestilt deltakarpakke. Det vert og høve til å kjøpa keeperhanskar og deltakartrøye til ein god pris.
Treninga startar og sluttar henholdsvis klokka 10:00 og 14:00 både laurdag og sundag med ein matpause sånn cirka midtveis begge dagar.
Barnekeeperskulen er kun laurdag og føljer same tidsskjema som dei andre (10:00-14:00)
Keeperane tek med eigen ball, keeperhanskar, leggskinn og drikke/niste til begge dagar.
Trenarar er:
Reidun Seth. Kjetil Lothe og Ola Lothe
Helsing
Reidun Seth
Bergen Keeperskole
www.bergenkeeperskole.no