Klubbdommarkurs i Rosendal
Tysdag 27. mai kl 18:00 – 20:00 vert det arrangert klubbdommarkurs i Rosendal. Kurset vert halde på ungdomsskulen. Klubbdommarkurset er fyrste steg til å verte dommar. Alle frå 13 år og oppover kan vera med. Ein vil då kunna dømma 7-ar og 5-ar kampar etter kurset. Målgruppe
Medlemar i klubbar som ikkje har erfaring med dømming og kampleiing. Dette kan vera spelarar, trenarar, leiarar, føresette eller andre ungdommar/vaksne. Ein klubbdommar bør har fylt 13 år for å leia kampar i barnefotballen, dog med ein aldersskilnad (2-3 år) på dei som spelar.
Målet med kurset
Hovudmålet er å gje deltakarane gode haldningar og grunnleggande kunnskap i spelereglane for 7-ar og 5-ar fotball, slik at desse kan vert klubbdommarar som primært kan dømma 7-ar og 5-ar kampar i barnefotballen i eigen klubb.
Kva er ein klubbdommar?
Klubbdommarkurset er 1. trinn i dommautdanninga.
Påmelding gjer ein ved å sende ein epost til Romar Skeie Olsen eller ein sms til 97113074 innan torsdag 22. mai.
Vi ynskjer mange nye klubbdommarar så her er det bare å melde seg på. Det kan og nemnast at når ein dømmer kampar i Rosendal får ein betalt for jobben.