Knallsterk bortesiger for J14

FlaktveitJ14 laget feira arbeidarens dag med bortekamp mot tabelleiar Flaktveit som hadde vunne samtlige kampar så langt i sesongen.

Etter det ufortjente tapet mot Arna/Bjørnar i forrige runde var det eit revansjelystent lag som sette seg i bussen til Bergen, og vi ante tidlig at dette kunne bli vår dag. Jentene var enormt gira før kamp, og jobben var ikkje å motivera jentene til kamp, men heller prøva å roa dei ned litt, så dei ikkje tok heilt av og brente alt kruttet før kampstart.

Då dommaren blei i fløyta for første omgng tok vi tak i kampen frå start. Flaktveit kom seg ikkje ut av eige forsvar, og etter berre 2 minutt lobba Ina ballen flott over keeper, og dermed 1-0 til oss.

Etter leiarmålet pøste vi på vidare, og 6 minutt seinare fekk Guro servert ballen like utenfor 16 meteren. Som vanlig var ho ikkje vond å be, og fyrte av med ein gong. Skuddet skifta retning i ein forsvarar og for i nota bak ein utspelt keeper, dermed 2-0.

Etter 2-0 målet virka det som jentene trudde dette skulle gå av seg sjølv, og det er skummelt. Vi slapp oss ned nokre prosent på innsatsen, og det var alt som skulle til for at Flaktveit kom inn i kampen.

Dei pressa oss bakover, og etter 14 minutt kom reduseringa til 1-2.

5 minutt seinare var dei på farten igjen, og den raske spissen sette inn 2-2 etter å ha sprunge gjennom forsvaret vårt.

Resten av omgangen vart ein stillingskrig, og då Ina på stluten ikkje klarte å lura keeper etter å ha blitt spelt heilt fri, stod det uavgjort til pause.

Etter første omgang følte vi at vi var eit bedre lag enn Flaktveit, og vart enige om å kjøra på frå start i medvinden etter pause.

Vi gjekk rett i angrep frå start og etter berre 1 munutt fekk vi frispark på 20 meters hold.

Ina lada skuddfoten, og knalla frisparket i mål heilt oppe under tverrliggaren, dermed  3-2 og ny leiing til oss. Martha fekk ein stor sjanse som gjekk like utenfor, før Flaktveit var på farten igjen.

May Beate redda flott det første skuddet, men Flaktveit var først på returen og. Avslutninga trilla mot mål, og heile Flaktveit benken reiste seg og jubla for utlikning, men på utrulig vis trilla ballen like utenfor, og fremdeles 3-2 til oss.

Vi  følte at vi hadde overtaket også i andre omgang, og etter 20 minutt så fekk vi roa nervene litt, Thea snappa opp eit utspark frå Flaktveit og kom rundt på høgresida. Motstandaren klarte ikkje å klarera det gode innlegget, og på bakerste stolpe dukka Martha opp og sette inn 4-2.

Så kom situasjonane som avgjorde kampen.

Flaktveit fossa framover og det gode innlegget gjekk gjennom heilt feltet til spissen som stod klar for å setta ballen i det tomme målet. Heldigvis hadde ikkje Helene gitt opp ballen og jobba knallhardt tilbake. I det spissen berre skulle trilla ballen i mål fekk Helene kasta fram foten og blokkerte skuddet ut til corner. Den blei det ingenting av, og istadenfor gjekk vi rett i angrep og fekk jobba fram eit hjørnespark. Det gode innlegget havna i beina til Alette, og ho sette enkelt inn 5-2 til oss med 10 minutt igjen på klokka.

Lufta gjekk ut av heimelaget etter dette, og ballen var stort sett på Flaktveit sin halvdel resten av kampen.

Like før dommaren skulle til å blåsa av var det klart for kampens øyeblikk.

Flaktveit måkte ballen ut av forsvar, men på 30m stod Guro klar. Ho dempa klareringa på brystkassen, lot ballen spretta ein gong, og dundra til rett i mål over ein forfjamsa keeper, dermed 6-2.

Dette var det siste sokm skjedde i kampen og ein strålande nøgd gjeng tok turen til McDonalds for feiring før vi snudde på heim.

Neste kamp blir heime mot Hordabø laurdag 7 mai klokka 13, så vi reknar med presten utset konfirmasjonane i Rosendal minst til klokka 16 slik at alle kan få med seg kampen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

15 + seven =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.