Knapp siger i fyrste heimekamp

Rosendal 2 – J16 spela sin fyrste heimekamp for sesongen mot Fana på kunstgraset. Ein jamn kamp enda til slutt med siger 2-1.

Vi starta kampen med litt for stor respekt for motstandaren, men var allikevel på høgde med Fana. Fana hadde eit godt midtforsvar og eit par raske angriparar og baserte mykje av spelet sitt på lange ballar mot topp. Det var og dette som førde til 0-1 scoringa. Jentene frå Rosendal jobba seg gradvis inn i kampen og reduserte til 1-1 ved Tina Skår Olderkjær halvvegs i omgangen. Før pause putta og Julie Skeie Olsen, slik at pauseresultatet vart 2-1. I andre omgang bølga spelet fram og tilbake med store sjansar til begge lag, men ingen mål.

Vi står no med 4 poeng etter to kampar. Forrige kamp enda 2-2 borte mot Søre Neset etter scoringar av Renate Alfarnes og Nathalie Skår Olderkjær.