Knepent tap for J15
Etter siger mot Bjarg i første kamp, var det tid for konfirmasjonar, så første heimekamp for året vart ikkje spela før laurdag 13 mai.
Motstandar var Fyllingsdalen som vi slo 3-2 i fjor haust, og vi forventa ein jamn kamp også denne gongen. Sterk vind på langs av banen gjorde speleforholda vanskelige, og sidan vi hadde motving i første omgang var det motstandardane som hadde initiativet før pause.
Vi sleit med å skapa noko framover i motvinden, men heldt lenge tett bakover før Fyllingsdalen brått fekk to mål med kort mellomrom vel 10 minutt før pause. Etter dette kom vi oss lenger fram på banen, men då Ida Marie skaut like utenfor etter corner ebba omgangen ut med leiing til dei lilla frå Bergen.
Etter kvilen var det vi som skulle dra nytta av vinden, og planen var å få eit tildig mål for å få snudd kampen.
Første del av planen gjekk bra då Ina knalla eit frispark rett i mål etter kun 5 minuttar. Vi fortsette å hå overtaket, men vart litt for upresise i vinden, samtidig som Fyllingsdalen jobba som heltar i forsvar og nekta oss rom, så dei store sjansane uteblei.
Då utteljinga uteblei skjedde det som ofte skjer, Fyllingsdalen kom på eit sjelden visitt, og etter 63 minutt gjekk dei opp til 3-1, etter eit knallskudd som kom heilt ut av det blå.
Eit par minuttar etter var Ina på farten, men vart takla av ein forsvarar på 16 meter streken. Dommaren gav noko strengt direkte rødt kort til Fyllingsdalen, men meinte av taklinga var utanfor 16-meter streken slik at det ikkje vart straffe. Frisparket vart avverga, og Fyllingsdelen sin keeper hadde og ei flott redning like etter då ho fekk slått eit frispark frå Guro like over. Då Hanna sitt dribleraid på slutten også endte med skudd i stolpen, vart det ikkje fleire mål i kampen og Fyllingsdalen kunne reisa heim med 3 poeng.
Neste heimekamp for jentene er allerede laurdag 20 mai klokka 13:00 på grasbanen i Rosendal.
Då kjem eit sterkt Bønes på besøk, så her håpar vi på mykje publikum til å heia oss fram til siger.
Kiosken er open og fristar med med både vafler, pølser og kaffi,