Kongens fortjenestemedalje til Kåre Eik

Den 14. oktober bestemte H.M. Kongen å tildela Kongens fortjenestemedalje til Kåre Eik frå Seimsfoss. Nyhende vart overrekt til medaljevinnaren av ordførar Hans Inge Myrvold no nettopp.

Bak søknaden om å tildela fortjenestemedaljen til Kåre Eik stod: Rosendal Turnlag – Turgruppa, Rosendal Turnlag – Hovudlaget, Kvinnherad Turlag og Bergen og Hordaland Turlag.

«Kåre Eik har lagt ned ein eineståande innsats for turlivet og idretten, både som tilretteleggjar av ruter, eldsjel, inspirator, guide og leiar av konkurransar, arrangement og stemne. Han har også vore involvert i ei rad store bokprosjekt. Han er ikkje berre kjent i heimbygda Rosendal, men i heile Kvinnherad kommune og Hordaland fylke», står det i søknaden.

Morten Nygård
Leiar i RT- Turgruppa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.