Konkurrerar om å verte årets Vippslag
G15 og G16 skal begge til NorwayCup til sumaren. Begge lag hadde meldt seg på konkurransen som ein kallar «Vippslaget» og onsdag i førre veke fekk begge beskjed om at dei var vidare i konkurransen blant 23 andre lag (her kan du lese meir om konkurransen).
For å delta vidare måtte ein blant anna lage ein presentasjonsvideo på maks 2 minutt av sitt lag og sende den til juryen innan sundag 23. april. Det var duka for nokre hektiske dagar for begge laga. Allereie på torsdagen var begge lag på dugnad på Palfinger. På laurdagen var nær halvparten av G16 spelarane med seniorane på kamp i Bergen. På sundagen hadde G16 heimekamp, der var og fire spelarar frå G15 med. Som de skjønar vart det nokre travle dagar og knapt med tid til å lage presentasjonsvideo.
Likevel heiv begge gutelaga seg rundt og produserte film. Begge laga er godt nøgde med resultatet og de kan sjå begge Vippsfilmane her:
God fornøyelse 🙂
Vi satsar på delt førsteplass. Det hadde blitt knall!
Hadde vore suverent 🙂