Koronareglar for Fjelltrimmen

Fjelltrimmen til turgruppa i Rosendal Turnlag går sin gang, også i år. Men det er gjort nokre enkle tilpassingar av smittevernomsyn.

Klippekorta til det 42. fjelltrimåret i Rosendal har allereie vore i sal i nokre veker, og kan kjøpast hjå Sport1 i Rosendal. Men så kom jo denne koronapandemien, som påverkar det meste også her i Kvinnherad. Fjelltrimmen vil imidlertid fortsetja, men for tida vert det tilrådd at folk ikkje skriv i boka eller nyttar klippetanga. Dette for å hindra potensiell smitte. I år vil difor Turgruppa akseptera at deltakarane berre nyttar korta til å skriva inn datoane dei vitjar dei fem toppane. Vi føler oss heilt trygge på at alle uansett vil ta turen til dei fantastiske fjella rundt oss.

Samstundes minner vi om at det førebels er mykje snø over tregrensa, slik at dei høgaste toppane berre bør vitjast av røynde turfolk.

Rosendal Turnlag – Turgruppa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × four =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.