Koronavettreglar Rosendal Trim

Koronavettreglar Rosendal Trim

Generelt

  • Du kan berre trene om du er heilt symptomfri.
  • Er du i risikogruppa – kontakt din fastlege for medisinsk råd.
  • Alle må bruke eige låskort (sjølv om ein kjem samtidig i døra)

Avstand og makstal brukarar

  • Hald minst 1 meter avstand på lav-intensitets trening, 2 meter ved høg-intensitetstrening (til dømes uthaldsapparat som tredemølle)
  • Ingen kroppskontakt. Heller ikkje «spotting» eller anna fysisk hjelp.
  • Maksimalt 12 personar samstundes i trimsenteret. Er det allereie fullt må du komme att seinare. Fordel treninga utover døgeret og veka, unngå presstider.

Hygiene og reinhald

  • Alle må gjennomføre handvask eller desinfeksjon minimum ved ankomst og før ein forlet trimsenteret.
  • Alle må reingjere alt av apparat og utstyr etter bruk. Desinfeksjon er tilgjengeleg.
  • Alle skal ha medbrakt reint handkle som nyttast under treninga.
  • Unngå bruk av garderobe om du kan, bytt klede og dusj heime. Unntak er toalett og handvask. Maks 2 personar i garderboden samtidig.

Føl opp generelle smittevernråd med omsyn til handvask, avstand og hostehygiene.

Ved å betale medlemsskap stadfestar du å ha lese og forstått reglane.