Kretsmesterskap i friidrett

Kretsmesterskap i friidrett for 11 til 14 år på Osterøy 30.- 31 august. Fire gutar frå Rosendal deltok på KM i friidrett i helga. Det var deltakarrekord og det vart satt årsbeste i landet i fleire øvelsar.


Gutane frå Rosendal var sporty og stilte opp i mange øvelsar og hadde to hektiske dagar. Dei hevda seg i fleire øvelser, noko som er fantastisk med tanke på at vi ikkje har baneforhold og at vi møtte dei store Bergensklubbane. Alle fire satte personlege rekordar og gjorde kjempeinnsats.

Her er lenke til resultatlistene (lenka peikar mot Osterøy sine sider)

Klikk på bilete for å få det større.


frå venstre Anders Bennæs 11 år ,
Håvard Furdal 12 år, Johannes Guddal
12 år og Sondre Eskeland 12 år klar
for 2 hektiske dagar.
 
Anders i gang med 60 m. Han vann heatet
sitt på sterke 9,13 sek og tok bronse totalt.



Sølvvinnaren Anders gratulerar vinnaren i
kulestøt. Anders sanka totalt 3 sølv(lengde,diskos,kule) og 2 bronse (høgde og 60 m).

Johannes gjer seg klar for kulestøt.



Etter ein slitsom 1.dag gjorde
det godt for musklar med boblebad.
 
Gutane stilte i 4 x 60 m stafett og gjennomførte perfekt. Dei fekk ein sterk 4 plass, slått på målstreken av Osterøy.



Håvard og Sondre satte begge
personlege rekordar på 60 m.
Sondre vann heatet på 9.43 sek
og Håvard vart nummer to med 9.57.
(totalt på 11pl. og 12
pl.)


Her mottar Sondre Bronsemedalje i
Diskos (lengde 22,58)