Kretssamling

Helene Skåla og Silje Øyre var søndag 7.juni på treningssamling i regi av Hordaland Fotballkrets. Ca 30 jenter var samla på Åstveit Kunstgras ( Tertnes). Jentene, foreldre og trenarar fekk beskjed om å senke skuldrane dette var kun ei treningssamling og ikkje uttak til kretssamling.


Petter Johan Pettersen gjennomførte ein liten teori del der han påpeika at det viktigaste ved fotball er å ha det kjekt. Det er kjekt å prestere og for å greie det bør det stilles krav. Han prata om hurtighet, kondisjon, ballkontroll og fotballforståing.

Helene og Silje hadde ein kjekk og lærerik dag, neste samling håpar dei vert ilag med Tina Skår og Kari Bråtun som også skal på treningssamling. Med overvekt av bergens jenter kan det vere betryggande å ha fleire lagveninner rundt seg.

Tekst/Foto: Bodil Øyre