Kretsting 2013
Laurdag 16. februar vart Hordaland Fotballkrets sitt kretsting avhalde på Voss, nærare bestemt på Park Hotel. Rosendal møtte med fem utsendingar til møtet. Desse fem var, Jan Jaap Boot, Arvid Nes, Magne Skår, Hilde Olderkjær og Asbjørn Soltveit.
Møtet var interessant med mange gode føredrag og ei god sosial ramme. Kjetil Næs, frå Rosendal, har sete i styret for Hordaland Fotballkrets i 12 år. I 10 av desse åra har han sete som nestleiar, men valte i år å trekkja seg som nestleiar og styremedlem. Avtroppinga til Kjetil vart markert på møtet. Han fekk mange lovord frå forsamlinga og ikkje minst frå presidenten i Norges Fotballforbund, Yngve Halen. Gåver vart utdelt deriblant eit leiarstipend.
Rosendal Turnlag takkar Kjetil for framifrå arbeid for fotballen i Hordaland.