Kvinnheradløpet feirar 40 år – i år også med løpsklasse

Kvinnheradløpet går av stabelen søndag 2. oktober, og kan då feira 40-årsjubileum.

Dei siste par åra har bydd på ulike utfordringar for Kvinnheradløpet. Koronapandemien førde til at løpet vart avlyst i 2020. I 2021 var arrangementet attende, men ein kombinasjon av pandemi og anleggsarbeid gjorde at løpsklassen vart droppa. I år kan endeleg Kvinnheradløpet gjennomførast på vanleg måte, med både trim- og løpsklasse.

– For oss er Kvinnheradløpet haustens store eventyr, og det håpar og trur vi mange av dei trufaste deltakarane også meiner. I fjor vart vi råka av aldeles fryktelege vêrmeldingar, men i år tek vi sjansen på garantera fint vêr, så det er berre å kasta seg med, seier Kåre Eik og Morten Nygård i Rosendal Turnlag Turgruppa i ei pressemelding.

Samarbeid om løpet

Det fyrste Kvinnheradløpet vart arrangert i 1982. Grunna avlysinga i 2020, betyr det at 2022 er jubileumsår, i alle fall for trimklassen. Løpsklassen må venta til neste år for å feira 40 år. Men dei som vil springa på tid, får eit tilbod i år også, trass i at korkje tribune eller speakerbu er på plass.

I alle år har Turgruppa i Rosendal Turnlag vore teknisk arrangør for både trim- og løpsklassen, men no vil dagleg leiar i RT, Jonathan Varela Byrkjenes og den stadig veksande Friidrettsgruppa ta seg av løpsklassen.

– Vi i Turgruppa er svært glade for dette samarbeidet, både fordi vi då kan konsentrera oss om turdelen, og ikkje minst fordi Jonathan og Friidrettsgruppa har god kompetanse på å gjennomføra større løp, noko ikkje minst Rosendalsleikane i sommar stadfesta, fortel Eik og Nygård.

Rundløype

Kvinnheradløpet er 5,8 kilometer langt, og går i ei rundløype frå Rosendal Stadion via Rosendalstunet, kyrkja, Avlsgarden og Omshagen. Tradisjonen tru vil Rosendal Speidargruppe selja varme lappar, kaffi og saft i målområdet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

three × 4 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.