Kvinnheradløpet 2011

Kvinnheradløpet går av stabelen sundag 2. oktober 2011. Start «Turklasse utan tidtaking» frå 10:00. Fellesstart med tidtaking 12:00. Kvinnheradløpet vart fyrste gong arrangert i 1982, i år er det såleis jubileumsløp 30 år.


Løpet startar på Rosendal Stadion, vidare mot Nes, opp til kyrkja og rundt Omshagen. Derifrå opp Svartedalen til Skeie, ned vegen frå Skeie og til Rosendal Stadion. Heile løypa er på 9,2 km.

Den korte løypa er på 5 km og er berekna for funksjonshemma, denne løypa går ikkje over Skeie, men ned Omshagen og til Rosendal Stadion.

I menyen til venstre finn du meir informasjon frå løpet gjennom tidene, blant anna resultatlister og deltakarlister.