Kvinnheradløpet er avlyst
Frå RT-turgruppa sin medarrangør Kvinnheringen, har vi saksa denne meldinga.
Korona-pandemien set ein stoppar for det tradisjonsrike løpet
Kinnheradløpet har vore arrangert i heile 38 år, og skulle gått av stabelen søndag 4. oktober. Men på grunn av korona-pandemien og den usikre smittesituasjonen vel arrangørane å avlysa årets løp. Det er veldig synd, men vi fann ut at det var det tryggaste. Vi må følgja smittevernreglane, og sidan grensa er på 200 personar samla på offentlege arrangement ser vi ikkje korleis vi skulle fått det til. Kvinnheradløpet har dei fem siste åra hatt eit snitt på 760 deltakarar, og det er utanom skuleløpet på fredagen, seier leiar for arrangørkomiteen Kåre Eik til Kvinnheringen. Han legg til at noko av det kjekkaste med løpet har vore at folk har samla seg ved idrettsbanen for å sjå deltakarane i konkurranseklassen springa i mål. Der samlar folk seg, og ofte står ein folk tett i tett, og det kan vi ikkje gjera no når vi har denne pandemien, seier han.