Kvinnheradløpet gjer comeback

Etter koronapausen i fjor, er det no bestemt at Kvinnheradløpet skal arrangerast igjen i år. Men det vert diverre utan løpsklasse.

Som det meste anna, vart også Kvinnheradløpet avlyst i fjor på grunn av koronapandemien. Det førte til eit stort sakn for alle dei som har hatt det som fast tradisjon å gå gjennom den 5,8 kilometer lange løype kvar fyrste søndag i oktober. Men tysdag kveld vart det bestemt at arrangementet skal gå av stabelen igjen i år.

– Vi veit mange har venta i spenning på avgjerda, og difor er det med store glede vi kan melda at Kvinnheradløpet er attende. Det er berre å merka seg datoen 3. oktober, seier Kåre Eik og Morten Nygård i Rosendal Turnlag Turgruppa i ei pressemelding.

Utvida starttid

Koronaen vil likevel setja eit visst preg på årets utgåve, som er den 39. i rekkja sidan starten i 1982. Mellom anna er perioden folk kan starta på turen utvida frå to til fire timar, slik at det ikkje skal bli trengsel.

– Vi ynskjer at deltakarane skal bli spreidd mest mogleg over desse fire timane. Vi har ei maksgrense på 200 turgåarar i løypa samstundes, difor kan nokon risikera å måtta ved start dersom veldig mange kjem samstundes. Vonleg vil dette bli eit marginalt problem. Elles må alle hugsa på naudsynt koronaavstand både før start, undervegs og ved målgang. Dessutan er det fint om flest mogleg betalar startkontingenten med Vipps i staden for å bruka kontantar, oppmodar arrangørane.

Ikkje løpsklasse

Dei som likar å springa på tid, må merka seg at det ikkje blir eigen løpsklasse i år.

– Det er fleire grunnar til dette. Den viktigaste er at vi ikkje ynskjer at folk skal stå tett i tett i målområdet for å følgja innspurten. I tillegg er det jo slik at stadion for tida manglar både speakerbu og tribune, så det hadde ikkje blitt den rette stemninga uansett, meiner Eik og Nygård.

Men dei minner også om at årets Kvinnheradløp gjev innbyggjarane i kommunen ei god anledning til å sjå det nye, toppmoderne banedekket på nært hald. Til slutt kan det nemnast at Rosendal Speidargruppe som alltid vil selja varme lappar, kaffi og saft. Og som ein trøyst for at det ikkje vart arrangement i fjor, er verdien på gåvekorta som vert trekt ut blant alle deltakarane dobla til 1.000 kroner.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

four × 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.