Kvinnheradløpet – oppdatert statistikk
Eit vel gjennomført Kvinnheradløp er historie. Vi vart velsigna med godt vær og mange tok turen denne sundagen. Statistikk og resultat er oppdatert på sidene til Kvinnheradløpet.
Vi nyttar høvet til å takka alle som deltok og ikkje minst samarbeidspartnarar og den flotte dugnadsgjengen. Takk for i år og velkomen på ny tur til neste år!
